Om dette arrangementet

Tid
12:00 - 21:00
Pris
Free
Målgruppe
Organizer

Digital sommarlesefest 2020

VELKOMEN TIL SOMMARLESAVSLUTNING 2020

 

 

I år har det vore rekordinnsats på Sommarles! Dette må feirast. Dessverre kunne me ikkje ha ein stor fest der me samlar alle i år. Det gjekk ikkje på grunn av korona og smitteauken. Derfor lagar vi til digital fest i år.

 

Her vert det digital lesestund, premieutdeling – både til dei som har lese mest og ekstrapremiar til mange andre – fordi de har fortent det. Og til slutt blir det Kahoot med spørsmål både frå Sommarles og andre tema. (Og mulighet til å vinne fleire premiar!)

 

VINNARAR OG LESESTUND:

 

Den digitale lesestunda er med Camilla Ruhs – ho fortel eventyret om Jack og bønnestengelen. Følgjer du linken under, kan du sjå ein introduksjon med biblioteksjefen Bente Fosse, lesestunda og ein liten film som annonserer kven som vant superlesarpremiane, og kven som er vinnarar av ekstrapremiane.

Premiane kan hentast på det biblioteket du er registrert på. Vinnarane blir kontakta.

 

Både lesestunda og kahooten blir liggjande heile dagen, så dersom det ikkje passar å vere med klokka 12, kan du kikke innom seinare på dagen.

 

Introduksjon: https://www.youtube.com/watch?v=k1WBbRTqYk0&feature=youtu.be&fbclid=IwAR...

Lesestund: https://www.youtube.com/watch?v=zaVx0iyI3xg&feature=youtu.be

 

KAHOOT:

 

Vil du vera med i kahooten vi har laga til med sommarlesespørsmål og lett blanding? Følg linken under. Du må logga deg på med ein epostadresse og eit brukarnamn. (Eposten er for at vi skal kunne finna tilbake til dei som vinn). Det vert ein premie til den som har flest rette svar på kortast tid. Og ein premie vert trekt ut blant alle deltakarane.

 

Link til kahoot her:

https://kahoot.it/challenge/01409626?challenge-id=38cb827e-d00d-4e5f-be7...

 

Ein kan delta fram til klokka ni i kveld. Vinnarane her vert annonsert måndag.

 

 

SOLSIKKEKONKURRANSEN:

Vinnaren av solsikkekonkurransen i år vert Ulrik som sendte inn vinnarbilete. Det var mange som tok med seg frøposar frå biblioteket, men ikkje så mange som fekk dei til å gro slik han gjorde. Han fekk ei solsikke til å gro nesten ein meter høgt! Premien kan hentast på bibliotek etter avtale.

 

 

 

 

TUSEN TAKK FOR INNSATSEN!

 

Og velkommen tilbake til Sommarles 2021.