Maria Aasebø Rønhovde
Maria Aasebø Rønhovde

Om dette arrangementet

Tid
11:00 - 11:30
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Fast i plast - barneteater

Velkommen til framsyninga "Fast i plast". Passar for barn frå 3-8 år.

Om framsyninga: "Anemone sit på havbotnen. Ho ser lag på lag av plast som bølgjer rundt ho i flaumar av fargar og lys. Ho sit fast. Fast i noko stort og raudt, fast i noko blått og grønt, ho sit fast i plast. Langt tilbake i tid var det sjø i dette havet, og i sjøen var det fisk i alle fargane i regnbogen. Anemone er den einaste som er att, heilt åleine i eit hav av plast. Ein framsyning om samarbeid, resirkulering og plast i havet. Korleis kan vi redda havet frå å enda opp som eit hav av plast?"

Maria Aasebø Rønhovde er utdanna skodespelar og songar med spesialisering i klassisk sang og fysisk teater. Ho jobbar ut fra metoden deviced theatre og lagar alle produksjoner sjølv frå idè til ferdig resultat. Ho fortel historiene gjennom kropp, musikk, scenografi og nokre gonger tekst. Produksjonene inneheld alltid fleire kunstformar og passar difor godt uansett språkforståing og alder.