Fasit til spørsmåla i påskereisa

02.05.23
Her kjem fasiten til årets påskereise!

Fasit til Påskereise 2023

 

nr

spørsmål

svar

1

Å verte morlaus som treåring kan nok fort setje preg på ein person, og som ung mann skreiv han eit dikt som kanskje er det mest kjende av verka hans. Vi skal fram til plassen han vart fødd, ein plass som er kjent for noko som er mellom det brattaste i Europa.

 

FLÅM. Per Sivle vart fødd der, og plassen er kjent for Flåmsbana som er den nest brattaste normalspora jernbanestrekninga i Europa.

2

Forfattaren har for det meste skrive dikt, men har også skrive manus til ein ungdomsserie om ei jente som skal byrje på vidaregåande skule. Serien vart omtalt som ein slags etterfølgar til Skam. Hovudpersonen frå TV-serien og forfattaren kjem frå same bygd. Kva bygd er det?

HØYANGER Forfattaren er Kjersti Wøien Haaland og TV-serien er Lovleg.

3

Korleis er det å vere på flukt? I denne boka for barn og ungdom skriv forfattaren om det å vere flyktning, om venskap og dei som hjelper når du treng det mest. Her er spenning og biljakt, og uventa tvistar.  Og refleksjonar kring kva rikdom er. Tittelen er eit astronomisk fenomen som skildrar ein periode som kjenneteiknast av klart, totalt mørke utan måneskin. Byen forfattaren kjem frå, er mellom anna venskapsby med Akureyri på Island og har vore med i ein Disney-film frå 60-talet.

Boka er Polarnatt av Sunniva Relling Berg. Forfattaren kjem frå ÅLESUND, som vart vist fram i filmen “It’s Tough to Be a Bird,” i 1969.

4

Forfattaren er fødd og vaks opp i denne byen, men bur no ein annan stad i landet. Ho har gitt ut mange bøker innanfor same tema, og er den norske forfattaren som har seld flest bøker innanfor dette feltet, gjennom tidene. Likevel er ho mest kjend frå eit format på nett som kan samanliknast med ei dagbok. Innhaldet i den digitale versjonen liknar på innhaldet i bøkene. Ho har og i fleire år vore dommar i eit stort arrangement innan same fagfelt.

Trine Sandberg som har skrive mange kokebøker og driv Trines matblogg, er frå TRONDHEIM.

5

Vi skal til ei øy som har same namn som kommunen ho ligg i. Kommunen er Noregs største sjømatkommune. Øya trekker til seg turistar frå heile verda fordi den ligg under eit belte der denne attraksjonen kjem best fram. Forfattaren som har vakse opp på øya, fekk nyleg ein pris. Hen skriv på norsk, men reknar seg som del av ein nasjonal minoritet og boka har innslag av ord på språket til denne minoriteten.

 

Øya er SENJA, og ligg under Nordlysovalen, som gjer øya ideell for nordlysturisme. Forfattaren M. Seppola Simonsen, er kvensk og skriv på norsk i diktsamlinga Hjerteskog.

6

Kvifor veit forfattaren så lite om eiga historie? I boka reiser hen tilbake i tid, gjennom landet sitt, folket sitt og si eiga slekts historie, i eit forsøk på å verte kjent med eigen bakgrunn. Familien sin manglande kunnskap viser seg å vere resultatet av ein bevisst nasjonal politikk. I den grafiske romanen dykkar forfattaren ned i folkegruppa si historie og forsøker via den og via samtalar med slektningar å forstå kva det er som har skjedd og kvifor denne bakgrunnen vart så betent at den vart halde skjult for han og søskena. Vi skal fram til området der mange frå denne folkegruppa held til.   

Mats Jonsson. Da vi var samer. Området er SAPMI.

7

I tillegg til å skrive bøker er forfattaren også skodespelar og vokalist i eit band med namn som også vert brukt om ein sport. Forfattaren var nominert til Augustprisen 2019. Tittelen på boka er eit kvinnenamn og den er eit psykologisk drama og ein hyllest til filmkunsten. Hovudpersonen i boka, dreg til eit slott i Frankrike.
Tittelen kan få oss til å tenke på ei anna bok, der hovudpersonen dreg frå Frankrike og nordover til byen vi skal fram til.

Nina Wähä er i tillegg til å vera forfattar, også vokalist i bandet Lacrosse, som også er namnet på ein sport. Boka er Babetta, som kan få oss til å tenke på Babettes gjestebud av Karen Blixen, der hovudpersonen dreg til BERLEVÅG.

8

I år er det kome ei spenningsbok frå dette området. Forfattaren sjølv seier at boka vart langt meir aktuell enn han hadde tenkt då han starta. Forfattaren har skrive fleire dokumentarbøker, men er mest kjent framfor kamera. Plassen som er oppkalla etter ein oppdagar har vorte ein turistattraksjon for personar som besøker øygruppa, men på grunn av verdssituasjonen er det langt meir komplisert å kome dit nett no.

 

 

BARENTSBURG. Forfattaren er Øystein Bogen som har skrive spenningsboka “Provokasjonen”, ei bok som viste seg å vera langt meir aktuell enn planlagt. Befolkninga i Barentsburg er samansett av russarar (10%) og ukrainarar (90%).

9

Vi skal halde oss innan den same litterære sjangeren, altså spenning, og vi skal også denne gongen til ei øygruppe. Forfattaren av denne boka har same yrket som forfattaren på førre spørsmål, og her finn vi fram til rett svar ved hjelp av tittelen på boka. Denne øygruppa har tidlegare vore i det internasjonale søkelyset for noko som mange finn skremmande, men den aktiviteten vart avslutta for ganske mange år sidan.

NOVAJA SEMLJA-effekten heiter boka, skrive av Odd Harald Hauge. På Novaja Semlja var det fram til 1990 stadige prøvesprengingar av atomvåpen.

10

Denne boka er den siste forfattaren skreiv, om hen i det heile gjorde det? Tittelen kan visa både til noko vi nesten ikkje nyttar meir, i fysisk form i alle fall. Eller ein skikkelse frå gresk mytologi. Eller ei fjellkjede. Vi skal fram til fødebyen til forfattaren. Om byen står det i eit oppslagsverk på nett at den ikkje må forvekslast med byen heilt i den andre enden av Europa, med nesten same namn. 

Boka er Atlas, skrive av Lucinda Riley og sonen Harry Whittaker. Fødebyen hennar er LISBURN, i Nord-Irland, som ikkje må forvekslast med Lisboa.

11

Vi skal til ein av byane i  Europa som veks raskast. Byen har namn etter elva den ligg ved. Ein bygning i denne byen var åstad for eit brotsverk i eit skodespel av Shakespeare. Forfattaren som kjem frå denne byen skriv romanar og noveller i tillegg til å skrive for kjende aviser i heimlandet. Hen debuterte med ei novellesamling i 1995 og har sidan fått fleire prisar. Den siste romanen kom i år, og kretsar rundt kva krisetider gjer med oss som menneske. Forfattaren har tidlegare skrive fire romanar som er knytt til kvar sine periodar. Ei anna av bøkene til forfattaren, er trykt i to ulike utgåver der delane i boka er stokka om.

INVERNESS i Skottland har namn etter elva Ness. Det var i Inverness Castle at Macbeth myrda Kong Duncan. Forfattaren er Ali Smith og den siste boka er «Andre tider»

12

Forfattaren skriv om ein spesiell gjeng hobbydetektivar som løyser saker i dette området. Bøkene er morosame med eit herleg persongalleri. Ein annan forfattar frå eit anna århundre, var også frå dette området. I ein av romanane sine, er det med ein person som seinare har gitt namnet sitt til eit rockeband. Ein som også budde her, drog på ekspedisjon med eit fartøy med eit hundenamn og var gift med kusina si.

 

Richard Osman skriv kriminalromanane om Torsdagsmordklubben frå KENT. Charles Dickens, med Uriah Heep, var også frå området, det same var Charles Darwin, som reiste på ekspedisjon med Beagle

13

Denne teikneserien om to gutar vart poppis på TikTok og har no fått seg eigen Netflix-serie. Hovudtema er utanforskap, skulekvardag og skeiv kjærleik. Etternamnet til forfattaren er nesten lik etternamnet i førre svar, og begge kjem frå same grevskap. Vi skal fram til byen forfattaren av teikneserien er frå. 

Teikneserien er Hjertestopper. Alice Oseman er frå CHATHAM i Kent, likt Kent og Osman i spørsmål 12. 

14

Nokre litterære skikkelsar flyttar seg frå to permar til tv-skjermen, og no skal vi fram til ein tv-serie som har namn etter plassen handlinga føregår. Tv-serien har vore brukt som underhaldning for norske sjåarar i den tida vi er på veg inn i. Området vi skal fram til har eit namn som kan få oss til å tenkja på andre verdskrig her i vest, og namnet på den største byen minnar om ein by i vårt eige heimeområde. 

SHETLAND Bøkene som tv-serien og påskekrimmen er bygd på er skrive av Ann Cleeves. Den største byen på Shetland er Lerwick som kan få oss til å tenkja på Leirvik på Stord.

15

Dette er eit eksempel på at nokre tekstar flyg ganske langt i tid, språk og rom før dei vert plukka opp.  Vi skal fram til heimplassen til henne som plukka opp tekstane til den langt eldre mannen, og laga musikk til dikta hans. Han var frå ein stor by ved to elvar og som er eit begrep i kunsthistoria, ho er frå ein liten by som likevel er den største i området. Den vesle byen har namn etter ein kar som fører tankane mot uver. 

Gudrid Hansdottir frå TORSHAVN, Færøyane gav ut plate med tekstar av Heinrich Heine frå Düsseldorf.

16

No skal vi fram til ein stat som har fått namnet sitt på ein kjent roman. Hovudpersonane i denne romanen er ein stor og eksentrisk familie, og elles møter vi både ein bjørn og ein lege. Forfattaren av denne roman hadde jubileum i fjor. Staten vi skal fram til var ein av dei opphavelege tretten, og er den første i rekka i ein lang prosess som fører fram til eit bytte i eit hus på ei gate som igjen fører tankane til ein av dei tretten og ein stat som har vore veldig viktig i dette landet sin historie.

 

 

NEW HAMPSHIRE. Romanen er Hotel New Hampshire av John Irving som fylte 80 i 2022. New Hampshire var ein av dei opprinnelege 13 statane som gjorde opprør mot Storbritannia, og det er her primærvala startar når ein skal velja ny president i USA. Ein annan av desse tretten statane er Pennsylvania, og det kvite hus ligg på Pennsylvania Avenue.

17

Ein av dei lokale forfattarane frå Vestland har gitt ut ein roman for meir enn tredve år sidan med tittel frå denne staten. Forfattaren har eit langt forfattarskap bak seg, og har fått mange prisar. Staten det er snakk om er ein språkrik stat, det er tre kulturelle regionar som møtest der og staten spelar ein stor rolle for landet sin økonomi.

OKLAHOMA. Forfattaren er Lars Amund Vaage som har skrive boka Oklahoma i 1992. Staten Oklahoma er ein stat med mange urfolkgrupper, og staten har stor produksjon av naturgass, olje og mat.

18

Han var den 38. i rekka og hadde eit håp om å bli lenger i posisjonen. I eit «nabokontinent» vart han i mars hylla av ein som også ville sitja lenger i stolen, men som heller ikkje fekk det. Dei to har også mykje anna til felles. Boka om denne personen er skrive av ein av Noregs leiande eksperter på landet han kjem frå. Vi skal fram til byen han kom frå, han som var nr 38. 

Jair Bolsonaro er fødd i Glicero I SAO PAOLO, i Brasil. Mannen som hylla han, var Donald Trump.

19

Nokre gonger slår ein forfattar seg ned langt heimanfrå. Vi skal til ein forfattar som i 17 år budde i eit land langt frå heimlandet. Forfattaren skreiv ein roman om opphaldet, og dette vart til ein prislønna film for neste førti år sidan. Landet har jubileum i år, og det er oppkalla etter det høgste punktet i landet.

 

KENYA Forfattaren er Karen Blixen, som budde på ein kaffiplantasje i Kenya (eller Britisk Øst-Afrika) 1914-1931. Denne romanen vart filmatisert og fekk Oscar i 1985. Høgaste punktet i Kenya er Mount Kenya.

20

Forfattaren var deltakar på ein litterær festival på Vestlandet i februar i år. To av bøkene har vore nominert til Booker-prisen. Ho er fødd i byen vi skal fram til, men forlet landet då ho var fire, pga revolusjonen i landet. Sidan har forfattaren budd i to andre land i same verdsdel før ho slo seg ned i landet ho no bur i, på andre sida av kloden. Byen ho kjem frå er hovudkvarter for ein union. Den er også den største hovudstaden i eit land uten kyst. Ein studie basert på DNA materiale frå nesten 1000 menneske frå heile verda, tyder på at alle menneske stammar frå ein stad i nærleiken av denne byen.

Maaza Mengiste er frå ADDIS ABEBA i Etiopia. Byen er hovudkvarter for den afrikanske unionen.

21

Ei av bøkene i ein populær bokserie går føre seg i dette store området. I den boka vi skal fram til dukkar det opp ein kjent kunstnar, og vi skal finne fram til byen der denne kunstnaren døydde.  Byen er også kjent frå ein annan roman, som har delar av bynamnet i tittelen. Namnet på byen er ein hyllest til ein ektefelle. 

Bokserien er De syv søstre, der ein i bok 4 er i Northern territory i Australia. Kunstnaren er Albert Namatjura som døydde i ALICE SPRINGS. Den andre romanen det er snakk om er “En by som Alice” av Neville Shute.

22

Boka byrjar med eit bestialsk drap der ein person gneg seg gjennom halsen til sin eldre nabo. Ho vart langlista til Booker-prisen i 2016 og fortel om dei katastrofale følgjene av at to familiar, ein fattig og ein rik, vert ført saman. Sjølv om boka er populær i utlandet, har den norske omsetjinga berre hausta ei bokmelding i ei større norsk avis - Dagbladet. 

Tittelen inneheld namnet på eit stort rovdyr som ein kan finne i landet der handlinga går føre seg. Kva land er vi i?

“Mann, tiger” av Eka Kurniawan. INDONESIA.

23

Forfattaren utforskar i denne biografiske boka ei rekkje tema knytt til identitet. Aktuelle debattar om krenking og rasisme vert og omtalt og forfattaren tek til orde for det mange­tydige. Det å vere fødd i eitt land og oppvaksen i eit anna er hovudtema for boka. Vi skal fram til fødelandet til forfattaren.

Synne Løes var fødd i SØR-KOREA, og adoptert til Norge. Boka er  “Ingen kan spytte på et smilende ansikt”.

24

No skal vi inn i spelverda og finne namnet på ein heil region! Spelserien byrja i 1996, men er fortsatt populær og aktuell i dag med m.a. TV-serie og eigen app. Regionen vi ser etter er den eldste i serien, og er inspirert av ein ekte geografisk region med same namn. Der bur det ein professor som gir fargerike øgler til barn. Kvar er vi?

KANTO-regionen i Pokemon (Red and Green). Inspirert av Kanto-regionen på Honshu, Japan.

25

For 35 år sidan kom det ein film som fekk fleire gjeve prisar og vart nominert til kanskje den gjevast av dei alle. Tittelen på filmen fører oss til ein by som har gitt namnet til ein type film. Byen har i dag eit anna namn, og vi skal fram til det noverande namnet på byen.

Salaam Bombay! MUMBAI

26

UNESCO kåra i 2005 denne forfattaren til den mest framståande yngre poeten i landet ho kjem frå. Forfattaren er journalist og poet, menneskerettsforkjempar og kvinneaktivist. I Noreg har ho markert seg mellom anna gjennom fleire bidrag i Ny Tid og store oppslag i Adresseavisen. Forfattaren  er fribyforfattar og har gitt ut to bøker i Noreg i tillegg til bidrag i antologiar. Den siste boka formidlar sterke bilete mot ein mørk bakgrunn, men der også håpet er representert. Forfattaren er fødd i denne byen, der ein konvensjon med byens namn, var opptakten til eit internasjonalt samarbeid om vern av ein type fuglar sine leveområde. Byen ligg ved kysten av verdas største innsjø og vart grunnlagt så seint som i 1943.

Asieh Amini er fødd i RAMSAR i Iran. Den siste diktsamlinga er «Kom ikke til mine drømmer med gevær» Innsjøen er Kaspihavet. Det internasjonale samarbeidet var om trekkfuglar sine leveområde.

27

No skal vi fram til ei øy, som har namnet sitt etter eit grunnstoff. For om lag 60 år sidan var det mange internasjonale kunstnarar som slo seg ned her. Mellom dei var ein norsk forfattar som mellom anna har skrive samfunnskritiske framtidsromanar. På slutten av livet var han ein sterk kritikar av helsevesenet som han sjølv vart avhengig av. Ein av naboane hans på øya har også gitt ut bøker, mellom anna ein roman som deler tittel med eit anna kjent kunstverk.

 

HYDRA. Forfattarane på øya var Axel Jensen og Gøran Tunstrøm. Dei samfunnskritiske framtidsromanane som er nemt er Epp og Lul av Axel Jensen, og romanen som deler tittel med eit anna kunstverk er Juleoratoriet av Gøran Tunstrøm.

28

Forfattaren er fødd i ein by som har ferjesamband til eit land der revolusjonen som skjedde i vårt århundre, er skildra med eit blomsternamn. Byen vi skal fram til ligg på ei øy. Boka som kom i fjor handlar om eit anna land, som har vore svært aktuelt det siste året.  Boka er ei teikna historie med forteljingar og minne frå dette landet.

De ukrainske notatbøkene av Igort. Forfattaren er fødd i CAGLIARI på Sardinia.

29

For snart 40 år sidan kom det ut ein murstein av ei bok på norsk. Boka er seinare filmatisert med ein kjent agent i hovudrolla. Denne hovudpersonen har eit namn som får tankane til å gå til ein annan klassisk roman. Ein av den andre hovudpersonane i boka har eit namn som får oss til å tenke på eit hushaldningsprodukt. Vi skal fram til fødebyen til forfattaren.

Romanen er «Rosens navn» av Umberto Eco. Den kom ut på norsk i 1984. Hovudpersonane er William av Baskerville (Baskerville = Hunden fra Baskerville av Sherlock Holmes) og Adso frå Melk. Heimbyen til Eco er ALESSANDRIA.

30

Dei siste åra har det vore mykje motstand om bygging av nokre installasjonar og eit relevant ordtak får oss til å tenkja på ein kjent roman om ein mann og hjelparen hans. Vi skal til byen der forfattaren av denne svært gamle romanen, vart fødd.

ALCALA DE HERNANDES er fødebyen til Cervantes som skreiv om Don Quijote og Sancho Panza. 

31

Denne forfattaren er fødd og oppvaksen i Noreg, men vart hylla for å skrive “forfriskande unorsk”. Tittelen på 2016-debuten, som er ei samling noveller om menneskeskjebne i ulike postkommunistiske land, er ein arbeidarbydel i eit stort europeisk land. Namnet på bydelen er tett bunde saman med eit smelteverk. Kva kva by finn vi denne bydelen i?

“Nowa Huta” i KRAKÓW Forfattaren er Mikkel Vika

32

Forfattaren er historikar og forfattar og har vore redaktør av historiske bøker i fleire tiår. Han har skrive for mange tidsskrift og aviser i heimlandet. Han har vore fascinert av landet der byen vi skal fram til ligg, sidan han som student reiste dit tidleg på åttitalet. Boka som handlar om byen er den siste boka hans og tar for seg slaget som hadde avgjerande betydning for utfallet av krigen, ved bruk av kjeldemateriale frå begge dei stridande landa. Byen har i dag namn etter elva den ligg ved, men har tidlegare hatt namn som får ein til å tenke på to ulike styresett.

Iain MacGregor er forfattaren som skriv om STALINGRAD i boka Stalingrad:The Hidden Truth at the Centre of WWII’s Greatest Battle. Byen heiter i dag Volgograd, men vart grunnlagt under namnet Tsaritsyn

33

 For 30 år sidan debuterte ein av dei mest kjente norske forfattarane. Forfattaren er kjent for ein særeigen skrivestil og hovudpersonen er ofte litt stakkarslege menn. Vi skal fram til ein by som noko omskrive er med i tittelen på ein av bøkene til forfattaren, ein by som er i vinden ein gong i året på same dato.

GARMISCH PARTENKIRCHEN. Boka er “Stille dager i Mixing Part” av Erlend Loe. 

34

Ein av dei store suksessane hittil i 2023 er ei bok som forvandlar oss alle til botanikarar. Den startar i eit naturlandskap på grensa mellom to land. Medan landskapet i boka er noko vilt og utemma, får tittelen oss til å tenke på noko som er kultivert og temma. Forfattaren er frå eit av våre naboland, men ein tenkjer heller på land lengre ned i Europa når ein høyrer namnet. Romanen er den første som er omsett til norsk, men den sjette i rekka på originalspråket. Vi skal fram til byen der forfattaren vaks opp, som var den første byen i landet som fekk elektrisitet.

Rosarium av Charlotte Weitze startar i ein urskog på grensa mellom Belarus og Russland. Forfattaren er frå KONGENS LYNGBY i Danmark.

35

I 2021 kom ei nyinnspeling av ein film som første gong vart spelt inn for meir enn femti år sidan. Desse gamle filmane fekk gjeve prisar, og ein av skodespelarane rekna dette for å vere gjennombrotet sitt. Historia har også vore dramatisert på andre måtar av kjente folk. Vi skal fram til staden der forfattaren av romanserien som vart skrive over ein tiårsperiode, var fødd.

 

Vilhelm Moberg, MOSHULTAMÅLA. Filmen til Erik Poppe frå 2021, og musikalen “Kristina från Duvemåla” til Benny Andersson og Bjørn Ulvæus byggjer på dette romanverket.

36

No skal vi til ein forfattar som har skrive for barn og vaksne, og vert rekna for ein av sitt land sine store forfattarar. Så stor at forfattaren var avbilda på ein pengeseddel i 25 år. Bøkene er prega av eit bibelsk språk, men handlinga er som regel frå regionen der ho vaks opp. Utanom forfattarskapet var forfattaren oppteken av ei samtida sine store saker. Vi skal fram til garden der forfattaren levde store deler av livet.  

Selma Lagerløf, MÅRBACKA.

37

Den forfattaren vi skal fram til her er den yngste som har fått ein pris. Han fekk prisen for den første boka i det som til no er vorte ein serie på 9 bøker. 

Det er også ein annan forfattar som hadde tilknytning til byen. Dette er ho som kom gåande og er stammor til ein heil haug skriveføre folk. 

FREDRIKSTAD. Jan-Erik Fjell var den yngste som hadde fått Rivertonprisen i 2010 for første boka om Anton Brekke. 

Ho som kom gåande er Inger Hagerup som budde i byen då ho døydde. Ho har mange etterkommarar som har skrive bøker. 

38

Ein av forfattarane som er brukt tidlegare i konkurransen gav i fjor ut ei barnebok saman med ein annan kjent person. Boka handlar om å vera litt annleis, “litt mykje”. I dag er denne personen synleg i medieverda, og er ein person som får mykje merksemd og  vinn mange prisar. Vi skal fram til plassen som denne personen er i frå. Plassen er også kjent for å vere heimstaden til ein som var veldig god på nedoverski, og ei som er kjent for å vere dyreglad. 

SIGGERUD. Personen vi skal fram til er Herman Flesvig, og medforfattaren av boka er Erlend Loe. Andre personar frå Siggerud er Lasse Kjus og Trude Mostue. 

39

I januar kom det ut ein roman som er har vore omsnakka lenge før den kom. Den har stole tittelen sin frå ei langt meir kjent bok. Romanen handlar om ein son som vender attende til heimstaden for å gravlegga faren som han deler namn med. Desse to var svært nære kvarandre i sonen sin barndom, men i vaksen alder har forholdet kjølna.
Vi skal fram til heimkommunen til forfattaren. Dette er ein kommune som har vore viktig for sjølvkjensla til nordmenn, noko vi framleis lever på sjølv nesten 30 år seinare.

«Johannes åpenbaring» av Jonny Halberg som ein har venta lenge på. Jonny Halberg er fødd på Jørstadmoen i LILLEHAMMER kommune som arrangerte Vinter- OL i 1994.

40

Vi skal fram til ein faktisk plass, som er langt meir kjent frå eit fantasiunivers. På plassen vi skal fram til bur det ein kar med eit høveleg namn om ein tenkjer på yrket hans, saman med to assistentar. Dei to assistentane er svært ulike både av sinn og skinn.

 

Garden FLÅKLYPA i Bøverdalen, Lom. Kjell Aukrust brukte dette namnet på Flåklypa Tidende, spalta han hadde i leiravisa, og det vart seinare både filmar og bøker om folka frå Flåklypa.

41

I 1982 kom det ein roman med eit svært sjeldan namn i tittelen, eit namn som kan få oss til å tenkja på denne eigedomen, sjølv om boka og eigedomen ikkje har har noko anna felles enn namnet. Romanen var ein av dei første som denne svært kjente forfattaren skreiv, Seinare har han skrive om to snushanar og to gode kameratar som prøver å meistre livet. Kommunen der eigedomen ligg har fostra to litterære brødre der den eine er kjent for manuset til ein film som har jubileum i år. Romanen som er utgangspunktet for manuset er tre år eldre. 

SARONS DAL i Kvinesdal. Romanen er Sarons ham av Ingvar Ambjørnsen. Brødrene er Gordon og Sigbjørn Hølmebakk, og filmen er Jentespranget frå 1973.

42

I 2019 vart ein til då ganske ukjent romanforfattar belønna med fleire prisar for ein historisk roman om norske utvandrarar. Vi skal fram til heimkommunen til forfattaren. Kommunen er kjent for ein populær idrett som er utypisk for fylket.

SIRDAL. Forfattaren er Tore Kvæven, og romanen er “Når landet mørknar” Sporten er skiskyting.

43

 Han har vunne Brageprisen for ein biografi om ein rappkjefta ideolog og pragmatikar som ikkje var redd for å provosere. Han har budd i dei tre største byane i Norge, der han har hatt jobb som journalist og kommentator i store aviser. Byen vi skal fram til er den han vart fødd og vaks opp i. Byen har Noregs eldste ståande kyrkje av sitt slag.

 

Frank Rossavik vann i 2007 Brageprisen for biografien Stikk i strid, om Einar Førde. Han vaks opp i STAVANGER som har landets eldste ståande domkyrkjebygg, frå første halvdel av 1100-talet.

44

No skal vi fram til heimekommunen til to skrivande naboar. Begge desse prisvinnande forfattarane har jubileum i år. Ein av tettstadane i kommunen kan forvekslast med ein anna stad i same fylke.

SVEIO. Forfattarane er Agnes Ravatn (f. 1983) og Einar Økland (debuterte i 1963). Tettstaden Førde kan forvekslast med Førde i Sunnfjord

45

Boka handlar om relasjonar i ein familie med sterke stemmer, om klassereise, rikdom, konfliktar og krig. Forfattaren har slutta i ein profilert jobb, for å via seg til arbeid knytt til humanisme. Broren er nok endå meir kjent. Han arbeidde lenge i eit land vi har vore innom tidlegare i årets påskereise. Søstera har mottatt fleire prisar innanfor eit anna felt, som vi er godt kjente med. Vi skal fram til byen der desse tre er fødde og vaks opp.

Boka er “Fedre og sønner” av Dag Steinfeld. Broren er Hans Wilhelm og søstera er Torill. Alle er fødd i BERGEN